Scan barcode
A review by kvammeh
Historie om et ekteskap by Geir Gulliksen
4.0
Årets julebok! Eg vart fanga av kjærleiksforteljinga mellom Han og Hun. I deler av boka vert karakterane sine kjensler gjengivne av eg-personen. I andre deler fortel eg-personen om sine eigne kjensler gjennom augene til dei andre. Det fungerer veldig godt somme gonger, som når sonen ser på faren etter at ekteskapet med mora bryt saman. Andre gonger vert det litt kronglete (han vet at hun synes han…).
Det finaste med boka er at den følest så utruleg ekte og aktuell ut. Gulliksen set ord på vanskelege kjensler utan at det vert så overdrive at karakterane opplevast falske. Nokon vil oppleve denne boka som melodramatisk til tider (og det er den kanskje), men det gjer den ikkje inautentisk. Anbefalast!